Undis Brekke handlar om den 37 år gamle Undis Brekke som vender tilbake til heimbygda for å ta seg jobb som lektor i nordisk på høgskulen, endå ho er svært lei av studentar. Ho kjem akkurat i tide til å få med seg den årlege julemiddagen til høgskulens nordiskkollegium, og blir der konfrontert med ulike bitar av barndom, ungdom og tidleg vaksendom som ho har prøvd å feie under teppet. Svik, håp og angst, skrivesperre, kjærleik, mannlege og kvinnelege ekskjærastar, pms, barndomsvener og foreldre, får sine plassar i dette portrettet av ei kvinne som prøver å få hovudet over vatnet. Korleis stå opp for eigne verdiar, korleis sjå si eiga netthinne, korleis nærme seg si eiga mor, og korleis ete smalahove, er spørsmål romanen stiller.

Umogelege metamorfosar, kjøtmeiser, mygg og menneske med store lengslar, store sorger, små problem og store og små tankar spelar seg ut i novellesamlinga Vonde blomar. Kva skal du til dømes gjere når du plukkar vonde blomar? Kva skal du seie i opningstalen din når det flunkande nye museet ditt har sokke i jorda? Kva skal du gjere når alt du tek i blir til slimål? Og kva skal du gjere når du har lengta etter å besøke dei kvite klippene ved Dover, men no er død?

Vonde blomar handlar om kjærleik, død og opprør, om å skifte form eller å bli verande den same, om flokane i det arbeidet som heiter å forstå.

Presens Maskin handlar om Anna og Laura. Dei er mor og dotter, og idet verda eit overraskande sekund deler seg i to parallelle univers ein gong på 90-talet, blir dei fanga i kvar sin del. Tjueein år seinare har livet gått vidare som om ingenting har skjedd, men i dei to kvinnene sine liv er det noko som ikkje stemmer.

Presens Maskin er ein kjærleiksroman om livets ubotelege einsemd. Om uante konsekvensar av feillesingar, om fåkunne og undring, om merkelege lys på himmelen, strandsniper, barn, språkets indre, uforståelege pianostykke, og ikkje minst, om menneske i relasjon til andre menneske.

«Roman som utvider tankene. Øyehaug skaper et sinnrikt og flertydig romanunivers med parallelle verdener.»
Gro Jørstad Nilsen, Bergens Tidende

«En av landets smarteste og kuleste forfattere.»
Knut Hoem, NRK

null
null