Lorna elsker tenåringsdatteren Ella over alt på jord, og den verden de to har skapt sammen, er alt hun behøver. Etter nesten tjue år i London reiser hun og datteren tilbake til The Isle of Kip, en øy helt ytterst i det skotske havgapet. Stedet der hun vokste opp, men som hun ikke har sett på tjue år.

Alice elsker samholdet på Kip, yogatimene som samler kvinnene på øya, det sterke fellesskapet i et røft landskap der alle er avhengige av hverandre. Men skolen står i fare for å måtte legge ned, og det truer hele øysamfunnet. Når Lorna vender tilbake, håper Alice på en ny begynnelse for øya og beboerne. Selv om det betyr at en dør inn til fortiden må åpnes på ny.

To tiår, hundrevis av mil og et hav av hemmeligheter ligger mellom Lorna og øya. Er det mulig for henne å starte på nytt?

18 år gamle Gjøa dreg frå ein heim prega av skilsmisse for å jobbe ein sommarsesong på Fægrane, ei turisthytte øvst i ein fjelldal. I 29 år har Olaug og Gunnar Fægrane drive hytta, med Olaug som styrer kvar minutiøse detalj med pragmatikk og varige mein av for omfattande arbeidsmengd og for trong økonomi, og Gunnar som gjer så lite som mogleg. Sonen deira, Ingebrigt, er komen heim for sommaren frå eit halvhjarta studentliv, og har svært lite lyst til å ta hand om drifta av turisthytta. Gjøa får etter kvart eit fortruleg forhold til Ingebrigt, og det blir eit haldepunkt for henne når ho merkar konsekvensane av den utageringa som frustrasjonen over familiesituasjonen heime har drive henne til.
Seg til inkjes er ei forteljing om å sitje fast og å ville vekk, om mødrer og søner, om vaffelsteiking og nattlege fisketurar, om opprør og eldgamle nabokonfliktar - og om å freiste å halde fram så godt ein kan, for ikkje å gjere seg til inkjes.