Eg og Pontus på nytt eventyr! Superteamet Odd Nordstoga og Rune Markhus slår til igjen! I denne boka kjem trubadurane frå første Eg og Pontus-bok til ein by der dei ? overraskande nok ? ikkje forfører innbyggarane med musikken sin. Dei blir nærast ikkje lagt merke til. Kanskje har det noko med at dei har kome til ein by der opp er ned, fram er tilbake og skrått går på tvers. Det er fullstendig kaos og ingen styring. Og.Kaptein Snusk.veit å utnytte det. Noko må gjerast, og det litt fort! Like taktfast og fartsfylt som i første bok,.men kanskje endå mer overraskende og sjarmerende. Eit fyrverkeri av ei bildebok!
For av og til må ein vera skikkeleg uskikkelegHar du nokon gong sett ein hest og tenkt at hadde det vore tak i meg, så hadde eg sett meg på den og ridd mot solnedgangen? Har du nokon gong sett på eit fjell og tenkt at hadde det vore litt tak i meg, så hadde eg klatra opp? Har du nokon gong sett ein båt og tenkt at hadde det vore tak i meg, så skulle eg sett meg i den og segla ut på havet? Men så blir det ikkje noko av.Eg og Pontus er ikkje slik som du. Me tenker oss aldri om to gonger. Me gjer alt det du fant ut at du ikkje tør, ikkje kan, ikkje får lov til eller ikkje gidd likevel. Eg og Pontus gjev jernet. Me vekker til liv ein mørklagd by, lagar fest og musikk, gjev kongen fyken og fiksar ein revolusjon. Alt på ein dag.Eg og Pontus går for gull er ei bok om å ikkje gro fast i stolputa, om å kome seg ut og lage minst eit eventyr kvar dag. Om at ein av og til må vera.skikkeleg uskikkeleg.Odd Nordstoga debuterer med eiga bildebok, og dette skjer sjølvsagt i stilsikker verseform. I eit oppdatert eventyrunivers snur Eg og Pontus opp ned på byen, og i full fart går det frå einevelde til demokrati. Treffande illustrert av prisvinnande og kritikarroste Rune Markhus.