gjerne lavt, men ikke stille
Velg format
379,-
Kjøp på Ark.no… et luksusprodukt.
Eirik Mossefinn, BLA-poddenMed et språk som både berører og klinger, klarer debutanten å mane fram det forgangne, og kanskje blåser han også nytt liv i sonettekunsten? … Dette er en bok fylt til randen av frydefulle dikt. … Resultatet er en vellykket debut som ikke bare skildrer et sted, men forsøker å gi det nytt liv.
Vilja Antonsen, KIOSKDet er langt mellom kvar gong ein poet debuterer med så gjennomarbeidde dikt som dei ein finn i «Salt Land» av Fredrik Parelius. Med fleire omfattande perspektiv og originale språklege grep, skapar denne poeten eit univers med lang historie, der jord, hav og himmel, botanikken, livet i havet og ikkje minst språket sjølv er med på å fargeleggja og falda ut ei sanseleg og levande verd der dei ulike delane og dikta heng saman på både openbart og subtilt vis. … I «Salt Land» finst det ei levande kjelde, eit oppkome, ei olle av språkleg overskot og ei konsentrert mengd kunnskap og erfaringar. Ei imponerande blanding av presise observasjonar og leikande spontanitet, men dei musikalske improvisasjonane er ein del av ei medviten ramme der del og heilskap spelar med og mot kvarandre i eit vakkert avstemt samspel. Eg tek meg i å tenkja at det grenser mot det ufattelege å få til noko slikt som dette.
Helge Torvund, Krabben, tidsskrift for poesikritikk