Fyndig humor og nøktern livsklokskap.
Skogkyss er den femte diktsamlinga til Hans Sande, og nok ein gong viser Sande korleis han med ein heilt særeigen meisterskap skriv dikt der det skarpt observerte og det fritt fabulerande står som naturlege følgjesvener. Sande kan kunsten å boltre seg i språket! Skogkyss tek oss med inn i ei verd av mangfald og forundring. Her er sanselege naturskildringar og dikt med politisk brodd, frekke sleivspark og varme kjærleiksdikt. Her er rå og hjarteskjerande dikt om krig og overgrep, her er poetisk vemod om aldring og forfall og dauden som ventar. Hos Sande står den fyndige humoren og dei ville utfalla side om side med nøktern livsklokskap og ein djup respekt for oss menneske og alt det vi er og gjer, på godt og vondt.
Bokmeldarane meiner:
"Hans Sandes dikt rommar nok uberekneleg galskap og klokskap til at dei er verde å lese. Poetens vilje til å late seg føre langs språkets og livets vegar er kopla med ein blømande villskap som ikkje gjer poeten audmjuk og føyeleg, og som ikkje gjer dikta altfor veltilpassa i verda."
Sindre Ekrheim, Dag og Tid
BoktipsPocketslipp i mars
Årets første vårmåned er også en måned spekket med uforklarlige forsvinninger, hevn og drap. Men så er det da også duket for påske.
BoktipsPocketslipp i februar
Årets korteste lesemåned er her, men pocketslippet i februar er stort og chunky! Enten du er på jakt etter krim som gjør deg vettskremt, deilig feelgood til morsdag eller mesterlige noveller, finner du sannsynligvis din neste favorittbok i dette slippet. Her er ni pocketperler for enhver smak.
PåskePocketkrim til påskesekken
Trenger du å pakke lett i påsken? Her er tips til fem krimpocketer du får plass til i sekken. Bøkene vil garantert holde deg våken, enten det er i strandstolen eller foran peisen etter årets påskeskirenn.
Feelgood"Noe av det beste jeg har lest på lenge!"
Nå som lyset vender tilbake og våren melder seg, er det perfekt å finne roen med en god bok – enten i det er ute i solveggen eller inne i sofakroken. Og her får du tips om noen av mine favorittbøker denne våren.