Tarjei Vesaas gav ut i alt fire novellesamlingar: Klokka i haugen (1929), Leiret og hjulet (1936), Vindane (1952) og Ein vakker dag (1959). Vesaas publiserte altså noveller gjennom 30 år, på ulike stadium av forfattarskapen, og dette spennet blir også spegla i denne boka.
Frå den første samlinga, Klokka i haugen, tok Vesaas berre med to av sju noveller då han sjølv redigerte Noveller i samling (1964), mellom dei den sterke «Signe Ton». I ei seinare utgåve kom det med fleire. I denne utgåva er alle novellene i alle samlingane tekne med..
Novellekunstnaren Vesaas hadde funne si form då han sju år seinare gav ut Leiret og hjulet. Denne samlinga inneheld kjende noveller som «Aldri fortelje det» og «21 år». Sistnemnde korthistorie vart filma av René Bjerke i 1990, og i 1990 filma same regissør novella «Det rare» frå Vindane.
Samlinga Vindane står i dag som eit av høgdepunkta i Vesaas’ forfattarskap, uansett sjanger. Det var med denne boka han vann Venezia-prisen i 1953 – og fekk dermed det store internasjonale gjennombrotet.
Vesaas skreiv mange av sine beste bøker i 1960-åra. Den siste novellesamlinga hans, Ein vakker dag, kom i denne perioden. Den inneheld meisternoveller som «Hesten frå Hogget», «G for Gudny» og «Det snør og snør».
BoktipsPocketslipp i mars
Årets første vårmåned er også en måned spekket med uforklarlige forsvinninger, hevn og drap. Men så er det da også duket for påske.
BoktipsPocketslipp i februar
Årets korteste lesemåned er her, men pocketslippet i februar er stort og chunky! Enten du er på jakt etter krim som gjør deg vettskremt, deilig feelgood til morsdag eller mesterlige noveller, finner du sannsynligvis din neste favorittbok i dette slippet. Her er ni pocketperler for enhver smak.
PåskePocketkrim til påskesekken
Trenger du å pakke lett i påsken? Her er tips til fem krimpocketer du får plass til i sekken. Bøkene vil garantert holde deg våken, enten det er i strandstolen eller foran peisen etter årets påskeskirenn.
PåskeFem bøker for deg som vil ha godstemning i påsken
Herlig påskelesning med en lykkelig slutt!